Nyheter

Siste nyheter fra Misjonssalen Ålesund

19. januar 2018

Pilotsamling for Tennfjord Fellesskapet

Søndag 14.01 kl. 16 sparka vi  Tennfjord Fellesskapet i gang Pilotsamling for Fellesskapet vårt.

Vi hadde rigga opp lyd, lys og pynta dagen før, så søndagen møtte vi opp 1 time før med 2 flasker vaffelrøre kvar.

Spent stemning kunne registrerast, mens ungane lurte på kvifor dei måtte bli med på endå eit møte.  Ein halv time før samlinga, starta vi med å folde hender og be for det som skulle skje. Rebeca og Inger Anne tok seg av vaffelsteiking og gjorde klar på to klasserom til prat og kaffi etter samlinga. Øyvind hadde full kontroll på det tekniske, med Eivind som ein god nummer to. Resten av oss hadde fokus på å mingle og ønske velkommen.

Når klokka nærma seg 16 starta folk å kome. Talet stoppa på mellom 60 og 70 stk (oss og barn inkludert) Dette lovar veldig godt for fortsettelsen! Det var folk i alle aldrar og med ulik kirkebakgrunn. Vi starta med servering av kaffi og ein «Sunnmørshalvtime» for å få anledning til å prate litt i forkant med dei som kom.

Samlinga starta med 2 videoar frå Youtube på storskjerm, med tekst, mens Monica og Åslaug var forsongarar. Jan starta med ei innledning der han prøvde å sette ord på kvifor vi har gått til det skrittet å starte opp dette Fellesskapet. Etter eit par songar til så slapp Hege til med andakt, der ho fokuserte på «Fellesskap». Veldig bra gjennomtenkt og flott frå både Hege og Jan! Vi er glade for å ha dei med på laget.

Etter samlinga fekk alle vafler og kaffi, og borna fekk bygge klossar, danse, teikne eller holde på med «Fun Battle» og ingen hadde lyst heimatt.

Sist redigert fredag, 19 januar 2018 19:08
Mer i denne kategorien « Givermåned Festsøndag »

NLM Ålesund Misjonsforsamling

Myrabakken næringssenter

Spjelkavikvegen 132

6010 Ålesund

misjonssalen@misjonssalen.net

Kontonummer: 3910 24 49154

 

 

NLM 1 RGB1

Dagens bibelord